Fem dikt om å leve med korona i tankene

Plakat med covid-19
Unsplash, av Martin Sanchez.

#ordmotkorona

FESTEN

Festen
e utsatt på ubestemt tid
Den ubudne gjesten
tar ikkje hensyn te meininje mi

Hyttenekt
påskeferien e sett på vent
Utgift blir inntekt
permitteringvarsel e sendt

Unntakstilstand
dajen står i ro
Viruse herja på land
grase e bejynt å gro

ME E KLAR

Ein lapskaus
uten smak
Ein applaus
for felles sak

Me e klar
går i duell
Monje ubesvarte svar
frå måren te kvell

Tanken e spalta
kjenne slitasje
Live halta
ji lidrande bandasje

Koronasmitte
urovekkande tier
Ikkje ji itte
vis dine verdier

Himmel e meir blå
enn ei grå sky
Møkje å tenkja på
håp å trøst jir nattely

La ikkje frykt
bli styrkedråpen
Ei tente lykt
e vårt beste våpen

GÅSEHUD FOR ÅPEN SCENE

Tetak
nye råd
Felles sak
Norges største redningsdåd

Reiseforbud
å karantene
Gåsehud
for åpen scene

Spennande tier
nye utfordring kvar dag
Nye sjuke sier
ein meter armslag

Usikkerheten rår
gummkhanskar på
Ka vil skje i vår
risikabelt å spå

Dag blir te kvell
nått blir te måren
Takknemlighetsjeld
her i gåren

ITTEKVART

ITTEKVART
Kjeme kultur
I fart
ITTEKVART
ska ein hyttetur
bli holdbart
ITTEKVART
ska frisørsalong
bli drivbart
ITTEKVART
går med på slong
vennskape e spart

ITTEKVART
blir det kvitt
det som virka svart
ITTEKVART
e det ditt å mitt
som e bevart
ITTEKVART
går
båten i fraktfart
ITTEKVART
står
jorbere i kart

ITTEKVART
ska skule stå klar
te start
ITTEKVART
ska du sjå
det som e forsvart

LEVA LIVE

Vil ha tankane vekk
blir så destruktive
Skifta te sommardekk
leva live

Stressa ned
i krisen
Får det ikkje te
betala prisen

Sete på vent
ska øve toppen
Verden e betent
kjenne det på kroppen

Jera retrett
te i jår
E ikkje lett
venta på OL neste år