Ein Dag
Ein dag ska me innta parken
marsjera i flokk
komma ut av arken
besøkja byens beste kokk
Ein dag ska me flagra med dopapir
hella ut spriten
tørka vekk det sura flire
kvitta ås me heile skiten
Ein dag blir det dans på lokale
heila gatå ska nynna
klemmen e sentrale
stå som sild i tynna
Ein dag ska me synja nasjonalsang
leva tett i tett
delta på store arrangsjemang
rauge løpar på bankett
Ein dag ska det bli kjole å akevitt
flaje vaia i rødt, kvitt å blott
restriksjonene e me kvitt
gratulerea med vel øvestått
Ein dag ska me bli kultiverte
kjøpa billett for vår framti
vaksinå leverte
fangen e fri
Ein dag ska grenser bli sprengte
eg e utenlandsturist
akkurat det me trengte
lenje sie sist
Ein dag ska me hørra fottrinn
som går i takt
trossa ver å vind
pandemien e tebake lagt
Ein dag e det slutt på himakontor
inntar varme lunch buffet
tru mine or
ein dag vil det skje
Ein dag ska me sidja på trebuen
sjå et nabooppgjør
reisa te hyttekommuen
kvardajen e som før