Sjølvmord: Media kan ta bort stigma

Vær varsam-plakaten er revidert kring dekning om sjølvmord.

Pressen kan no omtale sjølvmord på ein ny og betre måte.

1. januar 2024 vart Vær varsam-plakaten endra i nokre paragrafar. I paragraf 4.9 om sjølvmord råda plakaten pressen tidlegare til ikkje å omtale sjølvmord utanom «for å oppfylle allmenne informasjonsbehov» og «unngå skildring av metode og andre forhold som kan bidra til å utløyse fleire sjølvmordshandlingar.»

Ny paragraf skriv no «ved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk er det god presseskikk å vektlegge ein nøktern framstilling. Vis omtanke til dei som er direkte rørt. Vær varsam ved omtale på eit tidleg tidspunkt. Det krev høg aktsemd ved skildring av metode og den spesifikke staden for handlinga.»

Dette er ein viktig endring for betre å handtere den store samfunnsutfordringa sjølvmord er, då pressen i større grad kan omtale sjølvmord, nett fordi det er eit allment informasjonsbehov å lære meir om sjølvmord. Og undrar du kvifor det er viktig må du lese vidare.

Sjølvmord er lik tabu


Sjølvmord er ein tragedie som rører ikkje berre individet som tar sitt eige liv, men og deira familie, arbeidsplass, vener og samfunnet som heilskap. Pressen og media kan spele ein større og viktigare rolle når det kjem til å normalisere og førebygge sjølvmord, men ikkje minst for å redusere tabu for dei etterlatne.

Ikkje nok med traumet og sorga knytt til å miste eit nært familiemedlem, kollega eller ven, så er skam og stigma ofte vonde kjensler for mange etterlatne. Utan god og riktig informasjon sit ein ofte igjen med fleire spørsmål enn ein kan få svar på, som fører til auka stress kring eiga rolle; om ein kunne gjort noko annleis, og om sjølvmordet kunne vore hindra.

Fram til no har pressens moglegheit til å påverke befolkninga ikkje vore nytta godt nok, og tabuet har vore for sterkt. Pressen kan utdanne, informere og påverke menneske i stort tal. Når det gjeld sjølvmordsførebygging, kan pressen no betre bidra til å redusere stigma, auke bevisstheit og tilby viktige ressursar til dei som treng hjelp.

Media kan ta bort stigma

Ei av pressens største krefter er evna til å påverke publikum til å endre sit syn på ein sak. Vi ser at auka fokus på psykisk helse har ført til meir spalteplass og sendetid enn nokon gong. Dette har påverka heile befolkninga til å tenke at psykisk uhelse er noko som er vanleg og langt ifrå unormalt, i forhold til berre for ti år sidan.

Enno veit vi at det er mykje tabu og stigma knytt til sjølvmord. Pressen er tross alt fram til nyåret oppmoda til ikkje å omtale det, og det i seg sjølv bidrar til å auke stigmaet. Med den nye revideringa kan pressen i større grad presentere menneskelege historier og formidle oppdatert kunnskap om dei underliggande årsakene til sjølvmord, og dermed hindre spreiing av feilinformasjon og påverke befolkninga til å redusere fordommar. Dette kan bidra til å skape eit meir opent og støttande samfunn der det er lettare for personar i krise å stå i vanskelege situasjonar og søke hjelp.

Ein ny måte å formidle sjølvmord

Med den nye revideringa får pressen eit større handlingsrom og betre sjanse til å rapportere om sjølvmord på ein trygg og ansvarleg måte. Framleis skal ein unngå sensasjonalisering og detaljerte skildringar av sjølvmordshandlingar, då dette kan utløyse etterlikningar.

I staden bør pressen fokusere på å fremje historier om håp, tilfriskning og korleis folk kan snakke om sjølvmord og støtte kvarandre betre. Det er mange som slit med sorg og skam knytt til temaet, og dette kan ein redusere ved å gje riktig informasjon og normalisere kjensler knytt til sjølvmord. Pressen kan bidra til å spreie kjelder om tilgjengelege hjelpetenester og pålitelege ressursar, og bidra til å rettleie folk til riktig støtte og behandling.

For å handtere mandatet på ein god måte kan pressen samarbeide tett med ekspertar innan psykisk helse og sjølvmordsførebygging for å sikre at dekninga er fagleg korrekt.

Vonar med dette at 2024 kan bli året for eit paradigmeskifte innan sjølvmordsførebygging.


Vil du skrive for Hodebry?

Send inn til hodebry@mentaltperspektiv.no.

Hodebry er erfaringer og meninger, fag og synsing, dikt, noveller, dagbok, blogginnlegg og sakprosa om psykisk helse. Noen av skribentene her er pasienter, noen har vært pasienter, noen er proffe forfattere og kunstnere, andre sender inn sin aller første tekst, noen er behandlere og terapeuter, andre er pårørende.

Hodebry er en måte å bidra til en åpen debatt og et fritt ordskifte. Det gir færre tabuer og fordommer. Når du som selv har kjent det på kroppen forteller om dine egne erfaringer, kan det kanskje også være veien til bedre psykisk helsevern og forebyggingstilbud for flere i landet vårt, enten du selv er plaget av hodebry eller ønsker å være til hodebry. Uten hodebry kommer vi ikke videre!

Vi honorerer ikke bidrag, men sørger for at dine synspunkter blir en del av den offentlige samtalen om psykisk helse.

Send en arbeidsprøve eller ferdig tekst til hodebry@mentaltperspektiv.no. Vi tar også imot fotografier, tegninger og tegneserier.

Husk at alt du sender inn må være ditt eget arbeid. Si fra hvis det har vært publisert tidligere.

Alle innsendte bidrag blir redaksjonelt vurdert. Ikke alle kommer gjennom nåløyet for publisering, men vi vil gi deg tilbakemelding så fort som mulig og innen 3 uker uansett.

Dersom din tekst blir godkjent, blir den publisert i dette nettmagasinet. Den kan bli delt i sosiale medier og i papirutgaven av Mentalt Perspektiv, som går ut til medlemmene i Mental Helse fire ganger i året.

Vi setter stor pris på at du skriver under eget navn, men du kan også velge å være anonym.

Tekstene i Hodebry-spalten er uttrykk for skribentens egne meninger og erfaringer.