Venner holder hender

Den mentale ryggsekken vår

Ein tungt lasta mental ryggsekk påverkar kjenslene våre.

Dei fleste av oss syns det kjennes godt når me får lette noko av lasta me ber på i ein tung ryggsekk. På vegen gjennom livet vil også dei fleste av oss oppleve å ha ein tungt lasta mental ryggsekk. I denne ryggsekken ligg det bekymringar og negative tankar, som kan vere knytt til fortid, notid eller framtid. Ein tungt lasta mental ryggsekk påverkar kjenslene våre. Den tynger oss ned psykisk. Det blir tungt og slitsomt å gå på livsvegen. Når me kan greie å gjere noko for å kvitte oss med litt av det som er i den mentale ryggsekken, vil me få ei lette psykisk.

“Når alt blir til eit tankekaos, er det ikkje lett å kunne tenke klart.”

Ein fullpakka mental ryggsekk er tung å bere på

Når me går med ryggsekken over lang tid, vil innhaldet pakke seg så tett og kompakt at det blir vanskeleg å løyse opp i og få noko ut av sekken. Bekymringar og negative tankar vikler seg saman til eit kaos som kan bli vanskeleg å ta hand om. Når alt blir til eit tankekaos, er det ikkje lett å kunne tenke klart. Og då er det heller ikkje lett å nøste opp i det og finne ut kvar ein skal starte for å kvitte seg med noko av lasta i den mentale ryggsekken. Kanskje går ein med den så lenge at ein til slutt ikkje ser noko løysing på korleis ein kan kvitte seg med last. Det kan gå så langt at ein bryt saman under vekta av det som er i sekken. Den mentale ryggsekken kan bli så tung at psyken ikkje greier å bere den lenger.

Det kan vere vanskeleg å be om hjelp.

Det kan vere vanskeleg å opne seg for nokon og setje ord på det som tynger. Men av og til er det nødvendig med hjelp frå andre. Ein treng ikkje å lesse ut absolutt alt som er i den mentale ryggsekken med det same. Men når den har blitt så tettpakka og tung at ein ikkje greier å få tak i noko som helst, er det nødvendig å be om hjelp til å få kvitte seg med noko av lasta.

Det kan kjennast skamfullt å setje ord på tankar og kjensler, og dele det med nokon andre. Det kan kjennast skamfullt, men det er ingen skam å be om hjelp!

Å be om hjelp, vil som oftast føre til ei lette. Dei aller fleste av oss har eit eller anna menneske i livet sitt som kan hjelpe. Slekt, vener, lege eller anna helsepersonell. Ein eller annan stad på livsvegen vår står det eitt eller fleire menneske som både kan og vil hjelpe med å gje lette i den mentale ryggsekken. Så be om den hjelpa. Be om hjelp før den mentale ryggsekken blir for tung å bere på!